onsdag 19. september 2007

what is the light

Eg kjenner det er med litt ærefrykt eg skriv mitt første innlegg hos tankepolitiet. Men det kjenst som om det er på tide. Og det startar med dette:
Fotfobi. Frykt for føter. Eg kjenner opptil fleire menneske som nær sagt er direkte redd for føter. Kvar gong eg blir konfrontert med denne abnormt irrasjonelle fobien deira, kjenner eg at eg blir irritert. Det er ikkje det at irrasjonalitet irriterer meg; 
det er meir det at ein viser avsky, til og med frykt, for noko så naturleg som ein fot. Eg har lyst til å dra denne lengre, men eg veit ikkje heilt om det er mogleg å ta det i den retningen eg på eit vis vil. Summen av det heile blir i alle høve at denne avskyen skapar ein slags avsky i meg att. Ein avsky for denne avskyen. Denne avskyen og frykten for noko som er ein del av oss alle. Noko me til ein viss grad er avhengig av at skal fungere. I stor grad har eg ei forståing for folk sine fobiar, då dei gjerne kan grunne i frykt for smerte, frykt for det ukjente, frykt for det uventa. Frykt for det ukontrollerbare. Men:
Føter.

Det er gjerne det, seier dei, at føter er ekkelt. Det kunne ein forstått om det heile gjekk på fothygiene. Men det gjer ikkje det. Det er synet av føter, gjerne endå til føter som rører seg, som skapar problemet. Og eg tenkjer "ekkelt?" og byrjar bryte ned "det ekle" på same måten som eg bryt det ned når eg må tømme sluket i oppvaskkummen på kafeen der eg jobbar, på slutten av kvelden. Der ligg fleire centimeter med matrester. Eg tykkjer det er ekkelt. Men så bryt eg det ned, og tenkjer "kva er dette?" Og eg svarer meg sjølv "jo, dette er atomar, molekylar. Dette er nettopp det same som alt anna, det er bittesmå byggesteinar sett i saman i eit visst mønster, i bestemte kjeder og samanhengar, og det er alt det er." Det er enklare å tømme sluket på den måten. Og kanskje, tenkjer eg, kanskje er dette ein måte ein kan forholde seg til verda på. Eg har ei bok på pensum som heiter "The Trick is to Keep Breathing". Det er óg ein måte å forholde seg til verda på. Desse to haldepunkta må vere eit slags minste felles multiplum, slik eg ser det. Eit slags haldepunktas atom, om ein skal drive med metadefinering. Og det skal ein, sjølvsagt.

Som ei avslutning, og berre for å gi meg sjølv - om ingen andre - ei god kjensle, skal eg parafrasere seminarleiaren min, som for eit par veker sidan sa at "eternity is not spread out along a line. Eternity is a dot. Eternity is everything, all at once." Denne tanken slår meg som nesten like appellerande som at trikset er å fortsetje å puste.

3 kommentarer:

  1. Føtter er som underklassen. Helt nederst, nesten konstant under press, illeluktende og ganske rare. Ikke rart folk ikke liker føtter! Ville du hatt noen fra underklassen plassert på det velpolerte antikke kaffebordet ditt kanskje? Takk Herren for fine dyre sko som kan skydde øynene våre fra disse vederstyggelighetene.

    SvarSlett
  2. Eg plasserer stadig føtene mine på det velpolerte, antikke kaffibordet mitt frå Ikea. Folk må gjerne mislike føter, men det å vere redd for føter er ei anna sak.

    SvarSlett
  3. Bjarte, her må jeg dissentere. Føtter ER ekkelt. La meg få sitere min venn Martin: "det er ingen ting som er så ekkelt som skikkelig ekle føtter".
    Føtter er ikke matrester i vasken, Martin har rett; ekle føtter er ekkelt. Desverre er de fleste føtter ekle.

    SvarSlett