onsdag 24. februar 2010

tirsdag 23. februar 2010

Noko med lyset

Eg har byrja nyse i det siste. Stadig vekk, stadig oftare. Aldri berre eitt nys om gongen. Oftast tre. Av og til i etappar, to og to og to. Eg trur det er eit symptom. Eg trur eg er sjuk. Og ikkje berre forkjøla, slik ein gjerne er når ein nys. Eg trur eg er sjuk. Eg innbiller meg, vel vitande om at nettopp dette inneber at det ikkje er sant, at eg har fått ein sjukdom som ikkje kan lækjast. Det er slik det er; det er slik det no stiller seg. Når eg no skriv dette, når eg no set saman bokstavar til ord til setningar som dannar kjeder av meiningar og samanhengar, så er det uproblematisk for meg å kalle nysinga for ein katalyst meir enn eit symptom. Når eg seier at eg trur eg er sjuk samstundes som eg veit eg ikkje er det, er dét nærmare eit symptom enn sjølve nysinga. Like fullt kjem eg ikkje unna at sjølve motseiinga er problematisk så vel som symptomatisk, og at om eg har ein ulækjeleg sjukdom, så er det truleg her han ligg. I nemninga. Språket. Hovudet. Eg kan ikkje einast med meg sjølv om følgjene av denne sjukdomen. Men eg har lykkjast i eininga om at det einaste eg no har å gjere er å køyre, til følgjene innhentar meg. Eller køyre dei i møte. Eller køyre dei i senk. Eg køyrer no.

Eg har lagt ein plan for korleis dette skal gjerast. Ein plan, slik at eg ikkje snur, ikkje kan snu. Aldri gi meg sjølv val. Alltid halde moglegheitene unna. Må ei avgjerd takast, skal eg kaste terning. Eg kunne kaste mynt, men ein mynt har berre to sider. Ein mynt er utilstrekkjeleg om alternativa er fleire enn to. Då måtte eg ha gjort val; kanskje fleire val. Kva skulle eg kaste om først? Kva skulle eg setje opp imot kvarandre? Terningen vil kunne dekkje dei fleste situasjonar kor eg står overfor meir enn eitt alternativ. Til dømes: Om eg har to alternativ, vil éin til tre prikkar dekkje det eine, mens fire til seks prikkar dekkjer det andre. Like eins er terningen deleleg på tre om eg har tre alternativ, og på seks om eg har ytterlegare tre. Alt utover dette gjer det heile vanskelegare. Dette er grunnen til at eg allereie har lagt ein plan. Om eg skulle ta slike vanskelege avgjerder på vegen, utan ein førehandsbestemt plan, kunne eg brått seie at ei av sidene på terningen tilsa at eg kunne snu. Dette kan eg ikkje risikere. Difor har eg klare retningslinjer på korleis eg skal handtere alt opp til og med tolv alternativ. For dei ekstreme tilfella kor eg har fleire enn tolv alternativ har eg på førehand valt å ha ein pistol i hanskerommet. Denne skal likevel ikkje utan vidare takast i bruk kvar gong, som i realiteten vil seie første gong, eg står overfor meir enn tolv alternativ. Igjen skal eg kaste terningen, då for å avgjere om eg a) skal avgrense alternativa kronologisk til dei tolv første, slik at eg kan kaste terningen vidare, eller b) gjere av med meg.

Eg køyrer no. Eg har framleis ikkje stoppa sidan eg køyrde heimafrå, like før klokka elleve. 22:57 blenkja det på dashbordet. 03:34 står det no. Eg har køyrd ganske nøyaktig trehundreogfemti kilometer, og eg har bestemt meg for at neste gong det dukkar opp ein bensinstasjon på mi side av vegen køyrer eg av og kastar terning. Kanskje for kaffi, kanskje for mat. Eg har pengar nok. Kontantar i massevis. Dette sørgde eg for tidleg. Det hadde sjølvsagt vore enklare, på mange vis, og bruke kort, for slik er det med kort. Det er enkelt. Truleg er det difor folk brukar kort. Men kortbruken set spor etter seg. Korta er laga slik at dei skal setje spor etter seg. Slik er det med kort, dei er enkle og dei set spor. Slik er verda no til dags. Alt skal vere enkelt og alt skal kunne sporast. Eg kan ikkje risikere å bli spora. Eg kan ikkje risikere å bli innhenta, stoppa. Difor gjekk eg til ein minibank og tok ut alt eg hadde på konto. Difor har eg no alle pengene mine gøymd i små poser, på strategiske stader i bilen. Inni seteforet. I hanskerommet. I ein pose under reservedekket. Og inni døra. Eg opna opp innsida av den eine passasjerdøra. Der vil aldri nokon finne på å leite. No ser eg lysa av ein bensinstasjon. Eg kjenner eg er svolten, svinger av, ruller inn på parkeringsplassen. Eg sørgde for å ha litt pengar på meg og, plassert i diverse lommer i frakken. Det må ein alltid ha. Så går eg ut, strekk på beina og går mot den forunderlege syntesen av luktar. Bensin, pølse, spylervæske, hamburger. Terningen ligg godt plassert i den høgre frakkelomma. Lett tilgjengeleg. Jenta bak disken les i eit blad, ho merkar meg knapt. Ho er rundt tjue, gjettar eg på. Bensinstasjonsuniformeringa får henne til å sjå mindre kvinneleg ut. Men eg ser formene, under kleda, korleis dei tvingar seg fram, endå så mykje dei freistast skjult av ein stor, aseksuell, raud genser. Ho legg frå seg bladet og ser opp.

 Hei, seier ho. Ho ser på meg: Uinteressert, trøytt.
 Hei, seier eg. Ingenting anna. Berre hei. Det er dette spelet no. Dette mellommenneskelege.
Dette som eg aldri heilt har meistra.
 Kva kan eg hjelpe deg med, spør ho. Nøytralt. Aseksuelt.
 Eg er svolten, seier eg fort utan å sjå på ho.
 Ja? Kva har du lyst på? Ho veit ikkje kva ho spør om. Tilsynelatande. Eg ser opp, på veggen over disken. Bilete av hamburger, pølse, pizza. Alt i fargar som frå ein syttitalsfilm. Eg tek fram terningen. Tel alternativa føre meg. Hamburger med eller utan ost. Grillpølse, i brød eller lompe. Wiener, det same. Pizza med skinke eller biffkjøt. Åtte alternativ. Ho ser på terningen, eg kastar den ned på disken. Ho ser på meg. Eg ser på terningen. Tre. Oddetal. Hamburger utan ost. Grillpølse i brød. Wiener i brød. Pizza med skinke. Eg ser opp på ho.
 Vil du, spør eg i eit slags forsøk på å inkludere ho i avgjerda. Ho ser først forfjamsa, så skeptisk ut, blikket flakkande frå terningen til meg til terningen.
 Eg... ellers takk. Ho kremtar. Ho hadde ikkje trengt å kremte. Ho hadde ingenting i halsen. Eg kastar på ny. Seks, no. Eg står att med wiener i brød eller pizza med skinke. Kastar ein siste gong. Seks nok ein gong.
 Pizza med skinke, seier eg og gestikulerar mot terningen. Ho ser på terningen nok ein gong, og nikkar forsiktig.
Heile tida mens ho finn fram papptallerken, serviett, pizzaspade, ser ho på meg. Eg veit ikkje korfor. Kanskje ho ikkje er van med kunder på nattestid. Eg blir irritert. Ho ser på meg heile tida, gir meg ikkje moglegheit til å kikke tilbake. På formane eg kan skimte under der. Formane i andletet. Eg kan ikkje sjå tilbake.
 Er du lastebilsjåfør, spør ho brått. Ser på meg, enno. Eg prøver å sjå tilbake, men blikket glir oppover, utover, vekk.
 Nei.
 Nei. Ho ser ned ein augeblunk og eg får eit lite blikk inn.
 Her er pizzastykket ditt. Det blir trettito kroner. Eg gir ho ein hundrelapp.
 Behald vekselen, kviskrar eg. Ho myser mot meg, gjer ei lita rørsle med hovudet, som om ho ikkje er sikker på om ho høyrde det ho høyrde. Eg ser vekk, opp, ut. Vekk. Ho legg vekselen på disken, eg prøver å ta den med meg i eit siste forsøk på å redde andlet men mistar myntane på golvet. Eg lar dei liggje, seier ingenting, tar pizzaen og går. Ut. Vekk. Set meg i bilen, sluker pizzaen. Etterpå onanerer eg febrilsk.

Men eg er ikkje mett. Eg kan ikkje køyre vidare. Ein veit aldri kor langt det er til neste bensinstasjon; desto mindre kva slags menneske som er på jobb der. Det tryggaste er å vente. Vente svolten ut. Eg går ut. Pustar inn. Desse luktene att. Eg, i baksetet, vindauget nedrulla, sommar, far med bensindunstande hender. Me stoppar ikkje på butikken for å kjøpe is i dag heller. Det er for kaldt. Det er for kaldt her, inni bilen. Eg står utanfor bilen, lufta er kald, rå. Det har byrja dogge på ruta. Tidleg morgondogg og eg kikker bort mot det einaste andre mennesket eg har sett på fleire timar. Kan ikkje gå inn att. Eg går tre skritt nærmare. Eg kan ikkje gå inn att. Tre skritt til. Eg stoppar ikkje, skritta berre går. Altfor seint svingar eg av den imaginære stipla linja mellom meg og døra. Eg står i skuggen. Ho har sett meg, eller i det minste har ho sett. Rørsle. For ho eksisterer eg no som eit minne som ho kjem til å le av saman med vener. Og som ei rørsle utanfor døra, som ho berre fekk med seg i augekroken. For meg eksisterer ho som eit objekt å attrå. Eg står i skuggen og ser ho oppføre seg som eit dyr som vêrar fare. Ho legg frå seg bladet, eg har truleg to eller fleire grunnar for å kjenne pulsen min i halsen. Ho er på veg ut. Pulsen oppover, tinninga.

Ho set seg ned på asfalten, inntil veggen, like ved sidan av meg.
 Hei. Ho tenner ein sigarett med bensinstasjonlighteren sin, før ho ser rett på meg. Stemmen er flat, stemmen er ei rett, ustipla linje. - Ville du ha noko meir? Munnen min opnar seg og lukkar seg. Eg er ein lekam av fortetta spenning. Ho kunne tatt på meg no, eg er lekamleg no. Noko i knea mine vil gi etter. Noko spreiar seg frå knea og utover, oppover, nedover; eg blir ståande å riste. Ho rynker panna, augebryna kryp ein centimenter nærmare hårfestet. Dei er lys brune.
 Går det eh er du går det bra, seier ho i tilsynelatande nervøst spørjande form. Ho er på vakt, bekymra. Kanskje mest for om ho må ta seg av meg. Ein naturleg reaksjon. Her hadde ho sett føre seg eit stille skift, kun med ein pølsekjøpande lastebilsjåfør i ny og ne. Eg er ikkje lastebilsjåfør. Dette seier eg.
 Eg er ikkje lastebilsjåfør. Ho klør seg på venstre øyreflipp mens ho tar eit trekk frå sigaretten.
 Nei. Du nemnde det. Ho ser vekk att, utover mot motorvegen. Det har køyrd berre ein handfull bilar forbi sidan eg svinga inn. Kanskje eit par lastebilar.

Når eg køyrer ut på motorvegen att ti minutt seinare, er det utan ein tanke i hovudet utover det at eg må vidare, vekk herifrå. Fort men ikkje mistenkjeleg fort. Berre vidare, som ein lastebilsjåfør. Det byrjar snart å lysne i aust. Eg kjenner meg trøytt, nesten søvnig, men eg har ikkje samvit til å stoppe no, eg må køyre lengre. Passere ein by. Passere ei landegrense. Eit eller anna. Difor køyrer eg vidare med periodevis kryssande auge. Motorvegen er tilnærma fri for andre bilistar. Eg blir ukonsentrert og brått kjem eg til meg sjølv idet bilen er på veg inn i fjellveggen ved sidan av ei tunnellopning. Eg får akkurat panikkvridd rattet i tide, og på andre sida av tunnellen stoppar eg bilen i vegkanten. Går ut, strekkjer på beina, kjenner meg litt flau utan å vere heilt sikker på om det er fordi eg nesten køyrde i fjellveggen eller fordi eg fekk panikk. Korfor skulle no det vere verre enn noko anna, tenkjer eg. Det er jo dette eg køyrer mot likevel, ein slags slutt, ei ende på noko. Denne reaksjonen gjer meg usikker på meg sjølv, usikker på det eg driv med, dette prosjektet, om ein kan kalle det eit prosjekt. Om ein kan kalle det noko i det heile. Denne sjukdomen som ikkje er ein sjukdom men som likevel må vere det nettopp fordi eg erkjenner den. Eg set meg ned i graset ved sidan av bilen, høyrer ein djup motordur kome gjennom tunnellen. Nokre sekund seinare kjem ein lastebil ut av opninga, endå nokre sekund seinare høyrer eg at den bremsar opp og stoppar berre femti meter lengre borti vegkanten mens eg studerer ein maur som fraktar eit grasstrå fleire gongar større enn seg sjølv; eg høyrer ein bildør bli opna og lukka. Mauren ser ut til å vere erfaren innan grasstråfrakt.
 Problem med bilen? Stemmen er om lag slik eg hadde venta. Mørk, litt brummande, men venleg. Eg ser opp.
 Nei, neida. Eg trong berre litt luft. Ein blir visst søvnig. Han nikkar, anerkjennande til problemet.
 Jaja. Det tar på å sitje bak rattet heile natta. Er nok ei vanesak, seier han, halvvegs ut i lufta, før han fortset - Du var ikkje innom den bensinstasjonen ei mil tilbake? Eg skulle stoppe for ein kaffi, men fann ingen på jobb. Endå stasjonen var open og det heile. Eg opnar munnen utan å ha ord til å leggje i den. - Eg skjenka meg no ein kaffi og la pengar på disken, men. Han rister på hovudet. – Men, men.
 Jaha, jasså, er alt eg klarer å få ut. Lastebilsjåføren ser ut i lufta, hovudet skiftar rørsle, frå ristande til nikkande.
 Ja, eg sa det før eg køyrde. I natt er det noko med lyset, sa eg. Ein kan sjå det av og til, at ting kjem til å hende. Eg måler han opp og ned med blikket; det eg høyrer uroar meg. - Ein kan sjå det på lyset, gjentek han for seg sjølv. - Nei, eg må vel kome meg vidare. Du får ha lykke til på ferda, seier han før han snur seg og traskar mot lastebilen. Eg nikkar og mumlar noko ufullstendig, uviss på om han fekk det med seg og om han likevel eigentleg brydde seg. Så blir eg sitjande og lure på om lykke til på ferda er ein naturleg ting å seie, eller om det verkeleg er noko med lyset.

Det er nesten heilt lyst når eg set meg i bilen att. Eg tenkjer at eg får køyre til eg kjem til eit motell eg kan ta inn på til i morgon. Rett nok køyrer eg mot ein slags udefinert slutt, som eg seier, men eg treng likevel ikkje køyre meg i senk før eg har kome i gang. Det er ein vanesak. Eg får bruke eit par dagar på å køyre meg inn, tenkjer eg for meg sjølv, i det eg akselererar nedover den fortsatt tomme motorvegen. I løpet av dei neste dryge femti kilometrane registrerer eg ikkje anna teikn på sivilisasjon enn asfalt, gatelyktar og ei og anna naudtelefon langs vegen. Eg prøver å ikkje tenkje på bensinstasjonjenta, men det viser seg vanskeleg å gjennomføre. Det vanskelegaste er gjerne det ein ikkje skal gjere. Det ein ikkje skal gjere, kviskrar eg til meg sjølv, som for å teste stemmebanda og feile. Uregjerlege tankerekkar kjempar mot kvarandre fleire stadar inni meg, eg får vondt i skuldrene og overarmane fordi eg held så hardt rundt rattet. Det spreier seg vidare til nakken og opp i hovudet. Eg kjem til å tenkje på dei smertestillande tablettane eg kjøpte på ein ferie ein gong, som truleg fortsatt ligg i hanskerommet, og stoppar bilen. Dei ligg der. Dei har gått ut på dato for om lag eit år sidan, men eg har høyrd til og med legar innrømme at datostemplinga på medisinar er eit salstriks. Dei skal svelgjast med vatn. Eg har verken vatn eller andre væskeliknande substansar, men set mi lit til spyttproduksjonen. Tablettane er store, og tunge å svelgje. Men det går. Alt går. Eg blir sitjande uverksam mens eg ventar på at kroppen skal slå seg til ro, slutte å anstrenge seg. Kjensla kjem overraskande fort og eg kjenner korleis musklane har godt av å ikkje stritte, ikkje spenne. Eg trekk pusten og køyrer vidare.

[fortsetjast]

mandag 22. februar 2010

September, en stund før eller en stund etterpå.

Nå er den blant kveldene jeg husker best, denne ene rare, hvor ingenting skjedde.

Alt hadde ledet til dette, dresskledde gutter, hvert sitt redskap. Jeg spiller kontrabass på kjøkkenet og har store problemer med å bestemme meg for hvilken jente jeg vil jage. Denne sitter fast.

Senere, når Henrik ligger i seng med Lise, og forsøker å unngå sex. Jeg ligger med Sara, og forsøker iherdig å få det, og ingen vet helt hva som skjer mellom Jon og Vilde, men puling ble det i hvert fall ikke.

Så jeg ligger her med Sara, etter en tur tvers over byen i Taxi. Victoria, tøffe VeniVidiVici tør ikke ta taxi alene. Hun vil ikke bli knivstukket, voldtatt eller ranet, sier hun til meg lavt, og med desperate øyne. Hun dytter fem hundre inn i hånda mi, og betaler for turen hjem igjen – Alene med sjåføren over utkant-Stavangers asfaltdekker – glir drosjelett gjennom lufta og suser forbi lyktestolpene mens Sara hvisker meg i øret gjennom mobiltelefonen.

Senere tør hun ikke ta av seg alle klærne. Senere snakker hun som en foss om absolutt alt, snakket hennes er en sterk strøm som mine ord ikke kan stanse, ikke endre kurs, bare butte mot og strømme rundt og over og – som hun snakker, og snakker, hun snakker meg ned, bedøver meg, og stanser ikke – bedøvet, og hun bare fortsetter. Jeg tenkte; hold kjeft nå Sara. Kan du ikke bare holde kjeft. Tyve år senere ville jeg bare smilt, og latt det gå.

mandag 15. februar 2010

Løva

Langt der ute på flytebrygga, i ei kløft mellom betong og stålrammer. Over lang tid har det samla seg skit i kløfta. Mosen har lagt seg over. Asfalt støv flyr ut og landar på på det knudrete grøne teppet. Tungmetalla ligg i skiten. Sklir gjennom lag på lag, og blir liggjande og forgifte det vesle landet i kløfta. Livlaust. Berre mosen veks her, og kveler med den svartnande grønfargen. Eg ser opp på dei to kantane frå det grøne daudingelandet. Eg tar sats og ser dei nærme seg. Eg stikk hovudet mitt over kanten, og der står du. Du spring fram og hogg i meg med sånn ei kraft at hodet mitt flyr i tusen bitar. Bitane blir tatt av vinden og flyr ut over heile verda.

Eg ligg og kviler på giften. I daudingelandet er skiten alfa og eg omega. Støvet kitlar i porene mine. Eg ligg berre her og hold fast. Eg må kvele. Eg skrik når du trenger deg gjennom meg. Du fortsett å stige, og utan å høyre på ropa mine, stig du opp mot kanten. "Vend om! Kom tilbake!" Kor mange gangar har eg ikkje sett hodene gå i tusen knas og fly med vinden. Att ligg eg med kroppar som eg må senka ner i gifta. Ny næring til giften og skiten. Ut or deg stig ein ny som skal trenge gjennom meg og stige opp mot sola, berre for å falle ned på meg igjen.

Ein liten gut spring ned mot brygga. Han ber ei lita fiskestang som han har laga sjølv. Ein seljekvist med hyssing og ein bøygd spikar til krok. Han går ut for å komme ut på djupet der dei store berggyltene og rødnebbene leikar seg i kloakkutløpet. Han prøver å ikkje tråkke på strekane i brygga. Det luktar gammal råtten sjø her. Så lengje han kan hugse har dei knust skjell mot betongen og stålkantane. Ein gong hadde han tråkka på eit blåskjell for å knuse det. Då skar det seg langt inn hælen hans. Han måtte sy tre sting. Idet han går over streken, ser han eit lite hovud stikkande opp frå ei sprekk. "Flygeblomst!" ropar han, og langar ut med fiskestanga si. Flygeblomsten går i tusen knas og dei små fallskjermane seglar avgårde på vinden.

I eit land langt borte kjem fallskjermane dalande ned på jorda. Innbyggerane der spring jevnlig ut for å kjempe dei ned når dei oppdagar fienden. Dei synk ned i det lange graset, og byrjer organisere seg. Dei grev tunellar under bakken, og sprett opp overalt. Ein evig krig. Dei som bur i landet bygg murar og gjerder for å beskytte borgene sine, men fallskjermane dalar ned bak fiendelinjene. Dei øydelegg vegane og kveler der dei går.

Langt ute på parkeringsplassen trenger ein einsleg løvetann seg opp gjennom asfalten. Ingen kan trampa på han her som berre bilane kjøyrer. Heilt aleine her ute, kor han kan sjå sola, og trekke pusten djupt inn av deilig gift, som han blås ut igjen som rein livseliksir. Her kan ingen nå meg, sjå meg, nå meg, få meg eller flå meg. Her ute kan eg krige, som ei løve, i fred.