mandag 28. november 2011

Den siste olja

Eg har djupast sett aldri vore i Sandnes, men her ein dag då eg tok toget forbi såg eg eit glimt av håp lyse mot meg. Det var eit stort betongbygg som vart øydelagd. Armeringsjern og stål stakk ut som beinpiper or eit opent brudd. Eg hadde ikkje sett liknande sidan 2001. Innmaten i bygningen lokka meg ut or huden og sendte tankane mine ut i verda.

Sykkelbyen Sandnes og Bombebyen Baghdad er to likandes stader. Her er det eit utruleg mangfald og dei framandkulturelle innslaga er av langt høgare kvalitet enn her heime. Der er det lottotrekning annakvart minutt, og kvart femte minutt kræsjar ein Humvee inn i ein moské. Kvart femtende minutt blir nokon utsatt for blind vold i Greater Stavanger, eller Sandnes-regionen som det eigentleg heiter. I fire av ti tilfeller er Humvee-føraren ein republikanar, i alle tilfeller har dei overlasta tilhengarar.

Kvart femte sekund kjører ein SUV inn i ein garasje i Stavanger. I samtlege tilfeller er føraren imam i si eiga Stavangeresque Al-Aqsa, og kommandør i si eiga terrorgruppe.

I sytten av tjuefem tilfeller er voldsofferet frå områder utanfor Greater Stavanger. I halvparten av tilfella er gjerningsannen positiv til det nye konserthuset.

Dersom du vil lese meir om det kan du taste deg inn på ulike side på internet. Der står det litt om alt i den sjargongen du helst vil ha. Du kan lese kommunale reguleringsplaner, lokale politivedtekter, journalistar sine bloggar, nettaviser, prisoversikt i frå fiskedisken og lokale amatørpornosider dreve av høgare utdanningsinstitusjonar.

I Greater Stavanger så er me kompromisslause innovatørar og grunnlegjarar av alt. Trudde du at det var brustein alt det du trokkar rundt på med stilletthæler i vintermørkret? Nei, det er grunnsteinar nedlagt av Stavangers forsvunne sønner og døtre. Mislykka prosjekter som aldri fekk livets rett. Dei nanvlause som kanskje berre fekk eit takk i form av ei banan frå tante Ada, før ho blei forvist til horestrøket.

Har du nokon sinne plukka opp ein av desse grunnsteinane? Snudd litt på han og leita etter eit namn og ein årsak? Dei stod der ein gang i tida. Eit ateliehus, ein tanke, ein kafe, eit band, ein engasjert læear, eit klasseprosjekt, ei klassereise til Auschwitz gjennomført av ein jødisk familie med «tilknytting til Rogaland» som det så fint stod på Eiganes gravlund.

Har du tenkt på kor fundamentalistisk Stavanger er? Det er den mest lukka sekta i verda. Oljesekta. Dersom du fortel nokon på austlandet at du jobbar i Statoil, så trur dei at du står i kassen og sel bensin. Men du veit betre. Du er sysselsatt med å pumpe opp petroleum, sjølve livsblodet i sardinbyen, oljehorestaden. Me driv aktivt misjon for meir pengar enn nokon anna kommune i Noreg. «eg e fra Stavanger, gjør de någe», «eg e fra STAVANGER, va det någe», «EG E FRA STAVANGER, EG E NÅGE».

Korleis står det til med deg Houston? Du vakraste utopia, med hengande hagar og gullslott som heng i fjellsidene, bygde av maurerar, med arabiske byggherrar. Du Houston, som helsar oss så vakkert østen for blaane. Vakkert spegla i sollyset frå vesterlanda, sender me skip etter skip for å vinne deg tilbake til det heilage stavangerske keisardøme. Eg hugsar eg høyrde på ein handelsreisande. Han fortalde om dei mest forunderlege ting. Basarar, skrikande kramkarar, blåmenn og skip i frå lenger aust enn nokon annan hadde vørri. Eg drog krakken bortåt glaset, og satt meg til å kike ut i mørke natta. Leita etter ei ledestjerne som kunne ta meg heim til deg, men alt eg såg var akterlanterna frå eit kvitt cruiseskip som fortlot oss.

Helsesjefen melder om syfilis kode gulbrun. Syfilisgalskapen fusjonerer forsiktig med den godt innolja økonomien, og dei store luftstripene etter cargokulta Stavanger synk sakte ned i den nådelause tomheita som alt her er tufta på.

Kan hende Arne Rettedal med hammaren, stig ned frå himmelvogna si, og med eit krafttak lyfter heile byen opp av sørpa. Han som sjølv drog Gullfax og Sleipner ut i havet, for å fiske opp Midgardsormen. Dei fekk han på land, stykka han opp og la han i hermetikk. Det samme gjorde dei med siste helgenen som låg gravlagd i domkyrkja. Dei selde han som suvenirar, beat for beat då silda forsvann.

Han skulle ha tordna mot jotnar og underjordiske: «Slimål og nidauge har karra segg opp i Bredevatnet! Dei hev fengje føter og sitt i alle ledd. Dei hev fengje mannaham, og no sleikar dei opp svette og blodsporet frå då eg leia folket ut i Hafrsfjord, med Gullfax og Sleipner spend føre vagni, og treiv dei engelske trellane ut i havet og heim der dei hørde heime!»

Kvart femte sekund blir ein siddis personlig fornerma og indigndert. I tjuetre av tjuefem tilfelle er det ein utlending, gjerne ein bergensar eller austlending som har skyld i reaksjonen. I femten av tredve tilfeller får det fatale konsekvenser. I ett av hundre tilfeller blir det nevnt i politiloggen. I ett av tusen tilfeller blir det diskutert i Aftenbladet. .

Ein gong kvar fjerde time blir offentlege pengar slusa inn i bekjente sine verksemder. Dersom du vil lese meir om det foreslår eg at du flyttar frå byen.

Ute på tusenårsstaden, ein bleik kopi av festplassen i Bergen, brygga dei til storm. Alt burgerkingbåset hadde blåst opp på domkirkeplassen, og ein etter ein kjem dei opp av Vågen. Nordsjødykkarane som aldri gjekk av skift i syttifire. Sjelene til alle dei som tilbrakte liva sine i Stavanger sin sosialomsorg frå 1600 til 2011. Akkompagnert av slitne dresskledde musikantar med sjellause augo, og utsulta kropper, stavrar dei seg på underutvikla bein, rundt Breiavatnet med faklane høgt heva.

Rett som det er mistar ein av dei fakkelen sin på bakken, og med eitt står alt rundt han i brann. Det spreier seg som ild i tørt gras. Det tar ikkje meir enn eit par sekund før heile sentrum er overtend, og Siddisen si dødsralling ljomar over Jæren.

Lenger sør står ein bonde og kikar nordover. Han gir faen.

tirsdag 22. november 2011

Grisemøte

Det vart innkalla til Grisemøte
Alle involverte benka seg runt trauet
Eg stod og lente meg mot høgre
Men trivdes best i sentrum

Me stirra djupt inn i dei fortvila augo til kvarande

Eg prøvde å ta orda
Men hadde ikkje lydane
Kan hende eg kunne lånt nokre gode ord frå ein annan
Diverre hadde alle havna i samme situasjon som meg.

Sånn stod me då, i timasvis, og stotra og grynta
og hadde parlament på vår eigen måte.

Ein etter ein svolta me i hjel,
Nokon hadde skreve ein beskjed på golvet
men innan bonden vakna


Var alt grisa over