mandag 14. desember 2015

Etter, det hugsar eg ingenting

"Det ein ikkje leiter etter, kan ein ikkje finne". -ukjend




Når opplevinga vår av tid og rom tek slutt, sluttar me å eksistere. Å sjå fram og tilbake i tida er ei parallell handling. Som å kike ut i rommet, og samstundes inn i materien. Me kan gjere dette gjennom sansane våre, eller i fantasien, og det me tar til oss frå desse prosessane, er av relativ relevanse i tida vår.


Kor er me, kor skal me og kor har me vore, er på alle måtar spente spørsmål som fangar måten sjølvbevisste vesen tenkjer og ser verda på. Dei kan skalerast til alle situasjonar.


Me har vore på bussen, me er på grusvegen, me skal til stranda. 


Me har vore i havet, me er på landjorda og me skal til månen. 


Me var ein stad, no er me her, men me aner ikkje kor me skal.


Frå fullt signal til null signal, som musikken ein før kunne høyre på radioen, som no er borte.


Det me veit, og det me ikkje veit.


I det små er "er me aleine?" eit rimeleg og banalt spørsmål.


I det store er "nei" eit rimelig svar. 


Det største svaret er "alt finnes, og om det ikke finnes, vil det skapes". 


Dei som meiner å ha kunnskap, som ingen vil tru på, vil for all tid være utanfor, si eiga tid.


onsdag 11. februar 2015

Det er svart no.

I løpet av dei siste dagane har eg stirra inn i alt som kunne vore vakkert.

Det er ikkje mogleg å være gla her. Det står skriven ti knivar i kvert einaste minutt dei har vore her.

Her manglar ikkje på stengsel.


Blir me aldri verd noko?

Eg ser tusenvis av livsverk som blir brotne sund berre fordi det ikkje står førd i eit reknskap.

Dei som vassar gjennom blod, kva post skal dei salderast under?



Opp or mørkret stig ei ordlaus røyst mot meg kver gang eg druknar i disse tankane.

Eg er berre eit molekyl, med alt det ein partikkel drar på seg av affeksjonsverdiar så lenge ho eksisterer.


Skjeletthender grip om meg, og lyfter meg høgare. No kan eg sjå kor det var det heile byrja.

Med ett mørknar det igjen.

Ve du som leitar etter det som aldri kan finnast. Det er hundretusener som er dømte til å gå vegen som berre har brå endar.

Den dystre far min stira meg djupt inn i augo og kviskra lågt den dagen eg blei fødd:


"No er det berre ein bakke igjen guten min".