mandag 24. oktober 2011

Del 1

I det raude lyset ditt
har eg vore lenge

No kan eg sjå deg
sjå
kan eg nå deg

Eg har rørt alt ved deg
som eg kan røre ved
utan å  bryte lova

Del 2

Lengter etter å bryte med noko
bryte med deg
Der i det raude lyset
la eg handa på deg
du sov
eg kjende på deg
og lurte på korleis du kunne sove

No som eg bryt med deg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar