torsdag 15. april 2010

Kroppsleg eksamen


"Nokon skulle ha prylt
og dengt deg."


I byrjinga av dannelsen skulle knyttneven min bora seg inn i nasebeinet ditt så blodspruten sto. Då skulle eg vist deg alt om verda og du ville ha skjønt. Etterkvert som eg knakk ei og anna ribba på deg skulle du forstå korleis alt heng saman, og kor viktig det er å vera audmjuk. Då du låg på kne og eg sparka deg i magen, og slo all pusten ut or deg, skulle du forstå at du var nødd til å vere med og lage verda rundt deg. Når du grinande og stotrande fekk stabla skrotten din opp på dei brukne beina dine skulle eg hamra til deg på kjeften med ein to-fire-tommars planke. Då tannspruten sto skulle du ha skjønt at ingenting kjem av seg sjølv. Då du snurra hundre og åtti grader rundt og landa på dei kalde kvite flisene, og du byrja kave for å komma opp, så skulle du skli litt og famle for å reise deg igjen. Ditt eige blod var sleipt og glatt der det så smått var begynt å farge flisene raude. Heldigvis fekk du godt grep med skoa dine på grusen som før var tennene dine. Der skulle du stått klar til nytt angrep. Klemt tanngrusen fast mellom skosålane og flisene. Innimellom dei to flatane og kvar enkelt tannrest flaut blodet ditt. Fysst då skulle eg sjå deg i kvitauga og skrike høgt til deg og tvinge deg til å undra deg over kva sannheit er, og kvifor ein må vere kritisk til verda rundt seg. Medan du sto der i ørska skulle eg ha slått deg med flate hender over øyrene dine, og øydelagd hørsla di for godt. Fyllt øyregongane dine med blod som pipla deilig fram frå langt der inne. Då kunne det ha størkna der, og sørgja for at dei nye tankane ikkje skulle renne ut igjen frå hjernen din. Eg skulle stått og sett på deg, og dratt fram eit lerret fra taket, og holdt ein powerpointpresentasjon over korleis alt i verda heng saman. Vist deg plansjar over korleis gjødsling av jordsmonnet er ei viktig del av vår naturlege rolle i det store økosystemet på jordkloden. Gjødsling og opphakking, oppdeling og oppstykking av jorda. Eg skulle ta eit helvetes godt tak med begge nevane og røske av deg store hårtustar sånn at du ville få innsikt i korleis det var å føle seg som ein idiot. Idét røtene slepp tak i skalpen din skulle du kjenne den vonde stikkande følelsen av å vere utan grunn, aleine utan nokon som ville hjelpe deg. Stå der på dei kvite og raude flisene medan hovudet ditt såg ut som ein fotball. Denne delen av seansen vår handlar jo djupast sett om empati! No byrja du forstå. No skulle eg repetere for deg. Eg skulle ha sparka deg frå sida inn i kneet så du ikkje klara stå på eine foten, og måtte knele ned forran meg. Då ville du skjønne korleis det er å knele forran nokon. Og då skulle me repetere med to fire tommarsplanken. Det skulle ha knaka i ryggraden din kvar gong han senka seg på ryggen din, og du skulle kjenne på kroppen korleis det er å sjå. Så skulle du fly bakover og rett på ryggen, når flata av skoa mine, som låg tjukt rundt foten min, traff kjeften din. Det skulle ha sett litt ut som avslutninga på ein actionscene i ein karatefilm. Du skulle fly opp sånn at det nesten såg ut som du sto oppreist, og så skulle hovudet ditt med all krafta sparket mitt hadde gitt det, trekke ryggen din vidare bakover i ein halvsirkel og så skulle bakhovudet ditt treffe gulvet med eit kraftig knekk, som eg ikkje ville høyre, fordi det var pakka inn i hårtustar og hud. Du derimot, ville høyre det, for lyden for gjennom hovudet ditt og fortalte deg at hodeskallen din hadde sprukke. Så skulle du berre lagt der utstrakt og sliten etter dei innledande rundane i dannelsesprosessen. Eg kunne ha henta litt vatten, tørka det verste blodet og snotten frå andlete ditt, og gitt deg nokre oppmuntrande ord. Så skulle det ha vore over i fysste omgang. Du fekk ligge der, mot dei kvite flisene og tannrestane dine i fred og tenkja litt over kva det vil sei å vere i live, og kva det vil seie å bevege seg sakte, men merkbart mot det å ikkje eksistere meir. No skulle eg teikne med tusj på deg, fleire teikningar som skulle vere fine. Pynte på utsida di, sånn at folk rundt deg skulle bli stolte og lovprise deg for fasaden din. Etterpå skulle insida di ut. Du skulle gurgle og lage gryntande stønnelydar medan eg rispa opp circa vertikale linjer i huden din. I andletet skulle du fått linjer i panna, og på halsen din skulle huden hengja i flenger ned, sånn at du nesten såg ut som ein gammal mann. Ribbene dine skulle koma til syne ut or huden, og etterkvert skulle du slutte å gurgle. Då skulle du ralle! No skulle me få ut innsida di. Tarmar og innvollar skulle ha blomstra ut or kroppshål og flenger i abdomenet ditt, medan eg dansa ei slags blanding av tango og riverdance på lekamen din. Og så plutselig, når danninga var over, skulle du skrapast opp og takast ut i graset og blomsterbedet. Då skulle ein ha grovhakka deg og gjødsla rosene med deg. Det skulle gjerne ha skjedd. Kunne ikkje nokon ha latt det skje?

5 kommentarer:

  1. Ja... Det va jo litt..forstyrrande. Men, for all del. Hald fram med å la dei koma. Vidar.

    SvarSlett
  2. Skambra. Cathrine.

    SvarSlett
  3. Grafisk sak det her, spennende=)

    SvarSlett
  4. nydelig skrevet!

    SvarSlett
  5. ha ha ha !!! Om det e snakk om et medlem fra Jakob Håkon Band?
    Eg følte det va någen undertoner om ein slags Oberst på ein stasjon!

    SvarSlett