tirsdag 6. april 2010

Hei Verden

Etter to års eksistens har me altså tenkt å henvende oss direkte til dykk som er inne og les publikasjonane våre her på tankepolitiet. Tusen takk for at dykk brukar tid og les oss. Statistikken vår er faktisk så fin, at ein skulle tru me hadde laga han sjølv. Ein urovekkande stor del av dykk lesarar brukar faktisk tid på oss, og det sett me sjølvsagt uendeleg stor pris på. I skrivande stund, driv me og stusslar med å få det skrevne ord på nett ut på trykk gjennom oppretting av vår eigen utgivar-forleggar-dings. G.D.S (Gjer det sjølv) så langt ein kan! Sjølvsagt gjennom fleire stråmenn og skuggeselskap for å skjule våre superhemmelege identitetar, slik at ein kan fortsetta å konsentrere seg om verket, og unngå persondyrking og sosialpornografisk onani. Frykt ikkje kjære lesarar! No har me som skjønnlitterær blogg komt til den tida kor det kanskje kunne vore hensiktsmessig å spørja seg sjølv; Kva er det me er akkurat no? I fysste omgang er me eit slags anonymt forfattarkollektiv som omfattar omtrent åtte bidragsytarar frå ymse stader rundt i landet, men og ein og annan i resten av verda. Så, dette er altså oss, sånn ca. ut frå mitt eige perspektiv.

Kva tenkjer dykk? Sett igang og kommenter! kommenter og diskuter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar