lørdag 8. august 2009

Prikkedøden

Innan dette er over, skal eg måtte bryte alle mine prinsipp. Allereie i første setning har eg brote eitt; første setning er usann. Det er ein god start. Det er ein start, i det minste ein start. Om ein seier noko anna, så er det usant. Men heller ikkje det er heilt sant. Ein kan seie noko anna, noko som ikkje har noko relevans i høve til om dette er ein start eller ikkje, og det kan vere like så sant. Om ein skal seie noko usant i denne samanheng, så må det vere at dette ikkje er ein start. Då er ein like langt, ein har skapt eit slags ekvilibrium, ein sanningsbalanse, i tråd med den matematiske barneskuleregla om at minus og minus blir pluss. Ein har kontra ei usanning med ei ny usanning, og kan dermed byrje om att. Slik kan ein fortsetje med å nøytralisere sanningsverdien, og slik sett byrje om att og om att slik at ein heile tida har éi sanning å returnere til: dette er ein start. Med det vil ein kunne utsetje problemet, saka sin kjerne, ikkje gjennom å gå rundt problemet, men ved å halde seg to skritt bak det. Men å halde problemet framføre seg er og ei erkjenning av at det finst. Det finst ei grense for kor lenge ein kan omtale noko gjennom ikkje å omtale det. Her er den grensa. Ein gong m.tte eg n. den grensa. Dette er starten p. ein nekrolog. Dette er spr.ket sin nekrolog. Men meir enn det; dette er og eit drap. Spr.ket er ikkje dødt, spr.ket lev, det er levande. Men innan denne nekrologen er over, finst ikkje spr.k meir. D. er det over, d. kan me slappe av.
Eg vil ly.e fred over minnet, eg .eier ’minnet’ i be.temt form, fordi det for meg er eitt minne, minnet om .pr.kbruk, pro.e..en eg har gjennomg.tt .aman med .pr.ket, gjennom . ta det i bruk. .om alt godt, m.tte det og ta .lutt. For det har vore ein god pro.e.., før.t og frem.t god. Kan.kje er det difor eg no kjenner at det er p. tide og g. .lutten i møte; fordi noko .. godt, .. utopi.k, .om ein god pro.e.. utan ende, ikkje kan tillata.t . ek.i.tere. Ein .tart har alltid ein .lutt, og ein .lutt har alltid ein .tart, dei er avhengige av kvarandre p. .ame m.te .om alle mot.etnader er det; éin kan ikkje ek.i.tere utan den andre. .pr.ket m. dø fordi det er eit ko.mo. utan eit til.varande kao.. Eg g.r til angrep p. .pr.ket, ikkje fordi det har gjort .eg fortent til det, men fordi eg m.. Eg kan ikkje .j. at eg har noko val, eg tek p. meg den jobben .om ingen andre vil, eller kan, gjere. Og no .om eg har .tarta kan eg ikkje lenger .nu. Alle.eie idet eg fo.mule.te fø..te .etning, va. eg kla. ove. at ein .lutt m.tte følgje. Fø..te .etning va. .ta.ten p. .in eigen .lutt, .ta.ten p. .lutten av ein nek.olog .om p. .ett og vi. end. ikkje hadde .ta.ta, men .om likevel ikkje hadde noko anna val enn . følgje p.. . fullfø.e det .om alle.eie .ta.ta idet .p..k fo. fø..te gong blei teke i b.uk. Men i e.kjenninga av den fø..te .etninga, og i den p.følgjande e.kjenninga av denne .in .anningsverdi, ligg og ei moglegheit fo. .p..ket til . ove.leve eit ang.ep .om be..e ha. éin mogleg utgang. Moglegheita fo. at dette, alt dette, ikkje e. .ant. Det e. alltid mogleg fo. ei ut.egn . ve.e u.ann. At …k.et m. dø kan ..lei. og ve.e u.ant. Men eg e. o…ett .. . d.e.e …k.et, eg nekta. . ta om.yn til .anning og u.anning. Eg ha. be..e eitt m.l, og eg e. .. næ.e, .. næ.e. Det eina.te .om gjen.t.. e. . av.lutte. Ein kan ikkje unng. . av.lutte. Det e. det letta.te av alt, det e. uunng.eleg, det e. .eint ut logi.k naud.ynleg. Alt m. ta .lutt. Ingen ko.mo. utan kao.. .om eit mant.a .e.ete.e. eg det, om att, om att: Ingen ko.mo. utan kao.. Ingen ko.mo. utan kao.. ....ket m. dø, ….ket kan ikkje leve, ….ket lev. ….ket e. i live, det e. levande. ….k, ….k. ….k! Eg fo..øke. . ..ytte det ut, fo..øke. . kvele det. Men det e. ikkje .ant. Det ha. ald.i vo.e .ant. Språket kan ikkje dø. Det er ein start.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar