lørdag 11. april 2009

eit forsøk

I ein augeblink av stormannsgalskap forsøker eg å forstå; eg byrjar skrive ned ord. Eg les dei, studerer dei, seier, kviskrar, ropar dei. Eg tek frå dei all meining, lar dei liggje nakne på papiret, som nyfødde barn og eg seier
"dei er uskuldige, dei kan ikkje haldast ansvarlege for dette"
og eg ropar det og kviskrar det og ropar det og kviskrar og ropar det og kviskrar det heilt til orda er borte, berre lyd er att, berre denne messinga, ulinga, kviskringa
kviskringa
og ingenting er
å forstå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar