torsdag 30. april 2009

Då drengen vakna

Eg såg dauden
måla på veggen
av ljos frå natta ute
inn gjennom vindauge

Visst var han frykteleg
der daudingeskallen forma seg
Eit kvitt glis i mot meg
Ein glisande klisjé

heilt ufarleg for meg

Fysst då sola stod opp
då daudningen svann henn, slo det ned i meg
det einaste eg kunne vere sikker på
var at eg, den natta, hadde sett daudingen måla på veggen.
Då byrja ting skje inne i meg
klisjéen hogg seg fast og nekta
sleppe tak.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar