mandag 3. september 2012

Bilateral Apati

Det herska ein total bilateral apati blant dei herskande klassane. Ein konsensiøs arbeiderpartimann og to retta nervøst på slipsa. Den kvite elefanten i rommet ville berre ha det gøy, og freista være med på leken då ein velkoreografert sende ballane fram og tilbake over bordet. Det er slik i dei fleste posisjonar, at det er fleire som sitt på ballane. Men det er aldri nok ballar.

Med stoisk ro held agnostikaren ordførar handa på roret, medan han korsar seg og sender flyktige blikk opp mot himmelen og håpar at gud ikkje ser ho.

Dei satt sløvt og bladde gjennom umenneskelegt store saksframlegg som skulle inneholda alle orda som skulle gi dei tryggleiken dei trengte for å kringsette seg i fornufta si einaste gangbare valuta:
Fleirtal om vedtaket.

Lunsjen stod sakte men sikkert og mygla i bakgrunnen. Tilhøyrarbenken var tom.
Alle var sikre på at dette var noko dei kunne stå inne for.

Somme gjekk og forsynte seg av maten ein tredje gang. Det knasa i salatblad i det plastkniven sagde seg gjennom karbonaden og traff planten som om han aldri hadde vært der, og skar seg vidare gjennom den slappe møteloffen som alle oppmøtte hadde hatt i halsen opptil fleire ganger.

Det borgarlege kalaset her, minner meg mest av alt i verda om snittekalaset ein kan være så heldig å få være med på når nokon døyr. Berre at her, så skjer det på fastare basis med litt meir snipp, pomp og prakt. Brusen er gratis, og ein byttar ut gravlegginga av den konkrete menneskekroppen med å gravlegge ark dynka i kompromisset sin verdilause tev.

Hjernen og fornufta stirra apatisk inn i spegelen og håpte for guds skyld at hendene hadde gjort ein god nok jobb. Klarer me å lyfte dette opp, så skal me nok ikkje sjå om me får kasta det ut og. Dei to stirra blankt på ein annan og lurte på kor mange konsulentar det trengtes for å fake ein orgasmedebatt.

Dei retta alle litt på slipsa, og styrmannen kremta, tok på seg det sjølvsikre smilet, strauk seg over luggen og sa; "Dersom ingen har nokre innvendingar... anser eg punkt ein i forslaget for vedtatt".

"Det er ein viktig debatt å ta, og han var sannelig god". Det nikkast på alle kantar. Eg skjønner ikkje heilt om det er skjevo eller saka han snakkar om. 

Bunke etter bunke skyv ein skriv etter skriv frå seg og ned i krypta kor ein tygg dei sønder og saman, for å sette det skrevne ordet ut i livet. Amen.

Det er som ein dans. Berre at ingen utanfør kan høyre musikken.

Ute i byen dura verda fram som om ingenting hende. Der inne løfta ein papirlappar opp og ned som galne, nett som ein har gjort med vekslande suksess heilt sida antikken.

Tenk om Gud hadde skrudd av lyset i morgo, og alt var forgjeves.

1 kommentar: