tirsdag 13. desember 2011

Uskriveleg

Uendeleg krinsande rundt eit uttrykk som, utan å ville gi uttrykk for eit inntrykk av å gi uttrykk for noko utover det uttrykte, det reint uuttrykkjelege, er meint å uttrykkje det uuttrykkjelege utan inntrykk av eit slikt uttrykk; å gi uttrykk for at ein ikkje kan uttrykkje dette utan å gi inntrykk av at ein prøver å uttrykkje nettopp det som manglar uttrykk, med det resultat at ”uttrykk” mistar sitt uttrykk og eit ettertrykkjeleg inntrykk av at sjølv uttrykk er uuttrykkjeleg.

Slik, men likevel ikkje slik, er umogelegheita i dette: å skrive. Slik, men likevel ikkje slik, går det til at eg skriv: eg kan ikkje, men må; eg vil ikkje, men må. Dette er imperativt; forholdet mellom meg og ord, meg og desse orda, er imperativt. I mangel på viljestyrke, i mangel på ambisjon, er det berre dette imperativet som held orda og meg saman, er det berre imperativet som er. Det er: det er nettopp det det er, og det er berre det det er. Så langt er det til å leve med. Imperativet er på eit vis skriveleg. Men på eit tidspunkt må ein skape. På eit tidspunkt kan ein ikkje lenger skrive ingenting, ikkje lenger skrive berre sjølve skrivinga. På eit tidspunkt, la oss seie no: no.

Eg har vore ute og gått, berre gått utan mål, anna enn ein eller annan gong å kome tilbake til utgangspunktet. Kvar gong eg går slike turar, håpar eg at eg skal ende opp med å gå ein stad eg aldri har vore før, men det slår alltid feil. Eg klarer ikkje vere umedviten i høve til kor eg går – eg skulle eg ønske eg kunne – og dermed ender eg alltid opp med å gå dei same keisame rutene som før. Opp bakken utanfor huset, oppover mot parken. På vegen oppover møter eg stadig på desse slitne andleta, desse skjelvande, desperate stemmene. Eg tenkjer: er det dei eg burde skrive? Her er jo flust av historier; det er alltid dette det står på. Historie, å skape ei handling, å skape menneske å lese om. Eg tenkjer: her er dei. Så tar eg av til høgre i øvste tverrgate, bortover mot universitetet, langs framsida av naturhistoriske samlingar. Ein turistbuss køyrer forbi, eg høyrer så vidt guiden seie noko om kvalskjelettet som heng i fasadevindauget. Det heng ein kval i vindauget, og eg tenkjer på havdjup, kor mykje havdjup skremmer meg. Eg tenkjer på den førre kjærasten min, som fekk meg til å kjenne meg som ein djuphavsdykkar. Etter at ho slo opp med meg, insisterande på at ingenting var min feil, skreiv eg ein tekst til henne. Det vil seie, ”til” henne, det vil seie, eg ville at ho skulle lese teksten, men eg ville aldri, kunne aldri, vise han til henne. Dette skreiv eg:

Sist eg opna auga kunne eg ikkje sjå anna enn deg, så nære var du, og det var då eg såg at du hadde vore der nede i djupet heile tida og venta på at eg skulle puste ut og søkke ned til der du var, men eg pusta ikkje, eg har aldri heilt pusta – det er desse lungene mine – og trykket er så stort og tungt der nede og djuphavsfiskane, dei groteske djuphavsfiskane som lokkar med stikkande auge og glinsande tenner, eg kan ikkje symje med dei, eg kan ikkje symje med deg;
men likevel, likevel tok du handa mi og pusta for meg, pusta ut slik at me sokk, og me sokk til det blei så mørkt at eg kunne ikkje sjå anna enn deg, deg og lokkelysa til dei groteske fiskane, og eg tenkte at alt eg ser her nede har eg aldri sett før, alt eg gjer her har eg aldri gjort før, mens du peika omhyggjeleg på fiskane som eg frykta men som du kjende og etter kvart, sa du, etter kvart skulle eg og få bli kjent med dei, dette sa du, mens me sokk endå djupare;
og endå då du stoppa ville eg søkke endå litt djupare for å finne endå fleire fiskar, men då eg skulle opp til deg att fann eg ut at eg ikkje kunne puste inn.


Så går eg vidare, mot Dragefjellet men ikkje heilt bort, ned kleiva, mot Nøstet, gjennom Nøstet mot Nordnes, fordi bustadkomplekset, opp trappane til parken. Det er alltid der eg endar opp. På tuppen, på enda av neset. Omringa av fjord og park og svermande par, og ein totempæl. Eg fiskar opp notatboka frå veska, forsøker å tenkje, forsøker å notere ned ord som er verdt blekket i pennen, men alt som kjem ut er stadig vekk, stadig vekk, dei same orda i forskjellige rekkefølgje. Eg får vondt i hovudet av desse stadige mislykka forsøka; eg står fast i ei ordmyr.

Han skriv: eg bur i ein røyndom som ei såpeboble som heile tida trugar med å sprekke og velte det heile over meg. Eg bur i ei såpeboble i røyndomen som er fylt av det heile, og ingenting trugar med å velte over meg utanfrå. Eit stort ingenting rommar ein røyndom som rommar meg. Ingenting er meir skremmande enn denne røyndomen. Figuren i spegelen føre meg trugar med å røpe at eg ikkje har sove på tre netter, eg trugar tomt attende; det som viser kan eg ikkje seie. Mitt eiga spegelbilete står føre meg og er i ferd med å velte meg. Det er no det byrjar. Språket ebbar ut, og eg, meg sjølv nærmast, ebbar i kor. Eg syng på ein song som ikkje finst, eg spring ifrå min eigen eksistens. Det er no det byrjar å slutte. Og eg lurer berre på kor.

Eg skapar dette. Så ser eg gjennom det, og eg ser at dette er ikkje skaping, eg har ikkje skapt. Eg har byrja avslutte, eg byrjar alltid med denne trusselen: trusselen om å plukke frå kvarandre, om å øydeleggje. Om å ikkje-skape. Eg skriv baklengs. Eg fortset:

To dagar seinare har han slutta å skrive; han kan ikkje lenger handtere det. Det å skrive er som å halde språket i kunstig koma, tenkjer han for seg sjølv. Eg skal seie det, eg skal seie det høgt neste gong eg har nokon å seie det til, seier han, til seg sjølv. Eg har slutta å skrive, skal han seie, fordi språket har tapt, språket dør og det er ingenting me kan gjere. Så skal han smile sørgmodig. Så skal han slutte å snakke. Men det er skrivinga som må gå først. Skrivinga, det synlege, det trommehinnesprengjande visuelle skriftspråket som dør for auga på han. Kvar gong han les ein bokstav får han vondt bak augeepla. Språket er dødt! seier han høgt til seg sjølv; han kan knapt skjøne kva han sjølv seier, og prøver å vinne meining att i stemmekraft. Han roper. Han roper, eller skrik, det kjem ein ulande lyd ut av han. Han tenkjer med seg sjølv at dette er den eigentlege og einaste måten å uttrykkje at språket er dødt; han blir nøgd med meg sjølv. Så tenkjer han at desse orda har han no forma inni hovudet sitt, og motet blir slått ned att.
Han set seg ned, kikkar opp på korketavla, plukkar ned eit postkort frå ekskona. Biletet er av eit digert bibliotek. Hyller på hyller med skrift. Han kjenner det trykker bak auga, som om han stira på ei lampe. Dette kan eg ikkje halde ut, meiner han å kviskre, men orda kjem ut som ein ullen klump av sprukken stemme, snørr og saltvatn. Kontoret er fullt av dette her: bokstavar, ord; overalt. Han plukkar ned ei bok frå hylla, blar opp ei tilfeldig side. Lar augeepla rulle tomt over ei side, ei side til, ei side til. Han får ingenting ut av det, det kjem ikkje noko til han. Det er fritt for meining, det heile. Det er trykksverte. Det er det heile. Det er dette som er det heile. Han peikar på orda og tunga mot tennene formar ordet «dette». Ord på papir er aldri noko anna enn det reint fysiske stoffet som utgjer kontrastar med papiret. Han peikar enno, han skulle ønske det var nokon andre i rommet som kunne uttrykke si semje når han nærmast ropar til boka: kor er meininga?


Og eg lurer berre på kor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar