tirsdag 15. september 2009

Eg drøymer.

Av og til ynskjer eg meg ting eg ikkje har. Som ein varmluftsballong eller eit munnspel. Men oftast ynskjer eg meg ein kjærast.

Ein kjærast eg kan halde i handa, gå tur med og dele seng med. Eg har leita etter ein kjærast, men har ikkje funne nokon som passar.

Andre gonger ynskjer eg meg ting som ikkje er funne opp enno. Som ei tidsmaskin. Ei tidsmaskin og ein kjærast, lukke.

Det er mykje ein kunne gjort med ei tidsmaskin.

Eg hadde reist attende i tida, til dagen då kjærasten min mista møydomen sin.

Eg hadde slådd henne i andlete og skrike til henne:
«Du laug til meg. Det er faen meg ikkje mykje vits i å ropa Fyrstemann! Når noko allereie har vore der!»

Det er mykje ein kunne ha gjort med ei tidmaskin.


- fritt etter sinnets vandring, mvh agent #1015

2 kommentarer: