Viser innlegg med etiketten justis nu. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten justis nu. Vis alle innlegg

onsdag 30. januar 2013

For så stort steg tok du ut i suppa
At alt som kringsatte deg i galskapen
Var deg sjølv.

For så høgt og hardt flaug du inn i orkanhjarte
At alle fiendar snudde seg bort
og lata som ingenting
då du kraup vond og full av blåmerker ut i graset

Så sto du no der føre spegelen
og kviskra stille til deg sjølv
Du prøvde høyre så godt etter kva du sa
noterte så glasskår spruta

med eit så landa du i glashaugen
av alle stjerner du hadde pensjonert
og cava og strevde for å reise deg

Då plutselig forstod me at me kunne, i eit mørkt sekund
støtte oss opp frå helvete
men alikevel sakne det verste i oss

Blodskutte augo stirrar ut i verda og snur litt på det heile
Når ein ser slik ut, så spinn verda fortare
Men ein står fast som faen
I G-punktet i sin eigen jævla sentrifuge
blir alt klissete og treigt.
Det er lett å hate
lett å skru av

Då er det vanesakar og fanesakar
skal brenne
bøker
byttar hender raskare enn spytt treff bakken
og tusen kuler flyr mellom dei stridande
som elskar å bli truffe.

Men bunnlinja er; som i alle krigar ein vil vinne
at reknskapet viser:
ein treng fleire soldatar.

søndag 25. mars 2012

Dette er og Europa

Dette er og Europa
Ein står laglig til hogg
med ei tydeleg notatblokk
som fordrar
ein tydeleg penn

Skriv du tydeleg du?
utan at orda er spende
føre ei lysfyrt vagn
som blir dratt over
skyline

tirsdag 22. november 2011

Grisemøte

Det vart innkalla til Grisemøte
Alle involverte benka seg runt trauet
Eg stod og lente meg mot høgre
Men trivdes best i sentrum

Me stirra djupt inn i dei fortvila augo til kvarande

Eg prøvde å ta orda
Men hadde ikkje lydane
Kan hende eg kunne lånt nokre gode ord frå ein annan
Diverre hadde alle havna i samme situasjon som meg.

Sånn stod me då, i timasvis, og stotra og grynta
og hadde parlament på vår eigen måte.

Ein etter ein svolta me i hjel,
Nokon hadde skreve ein beskjed på golvet
men innan bonden vakna


Var alt grisa over

torsdag 25. august 2011

Kjøparen & Forfattaren


DENNE KAN ME TRYKKA: SMÅSKUMLE REFERANSAR OG EI GJENREISING AV
POTENSPROBLEMA VÅRE:

Han skyver sakte alle notatene
og skissene sine fra seg, og inn mot veggen. Alle notatbøkene og
permane skraper mot den kalde, kvitmalte betongen som skrivebordet
hans står inntil. Kan hende var det ein dårleg idé å legge så mykje
pengar inn i eit så fint skrivebord. Ei glasplate, med ledningar, lys
og USB i hopetal. Integrert dockingstasjon for Mac, flotte integrerte
høgtalarar og vinskap. Han drikk jo ikkje vin. Har ikkje apple-pc ein
gong. Det var berre noko tiltalande og innviterande med skrivebordet.
Tre bein på eit massivt fundament. Ein rolls royce av glas til å
skrive og surfe internet på. Eit must for ein vordande forfattar. Han
skulle skrive og forandre verda, tjene store pengar og pule masse
damer. Han hadde studert på SkriveKunstAkademiet, og debuterte i ei
diktsamling for ungdomar, i ein alder av tjuefem. Og bordplata, såg ut
som ho var skåre ut or himmlen. Som den klaraste diamant lysar
skrivebordet mot han når han opner døra. 227 led diodar lyser mot han.
Dei dimmer seg ned når han klappar.

Gjevare skrivebord skulle han ikkje ha klare funne med mindre dei
hadde gravd opp levningane etter dei fem store, og bygd eit integrert
mausoleumsskrivebord i eik. Då kunne han ha svevd og lånt av alle
kreftene deira.

På den andre sida, så er det nesten som all verdas forfattarar,
kunstnarar, ingeniørar og glupe skallar svever rundt bordet hans, der
han sitt og lar seg innspirere av alt internet kan gi han. Det finns
ikkje tvil i han. Det er berre eit spørsmål om tid før det smell.

«Eit godt kjøp» seier han høgt.

torsdag 28. oktober 2010

1- 0 til det hinsidige!?

to gløtt fram!
ein milliard tilbake?
Det altomsluttande imperativet!
ei streng og nådelaus mor?
Som tilslutt drep deg!
anten det er jul eller bursdag?
all tid kor du snur deg tikkar du sakte fram!
Det fins tusenvis av indikasjonar!
kor du skal?

enda fleire løgner om kor du har vært!

Midt i dette mylderet?
gjøymer gud seg for deg!
Sjølv om dei veks opp av bakken?
som plagsomt viktig ugras!
ulauseleg knytt saman?
med ditt djupaste ja!
og ditt djupaste nei!

og langt inni i alt dette?
står me alltid i ei sannheit!

Står du?
og Alltid tenner eld!
alltid slukkar brannen?
alltid jorda!
alt i vatten?

Ein null til dei hinsidige!?

fredag 15. oktober 2010

Ein fin dag

"Her ute er det ingen som kan redde deg."

Midt ute der havet rullar inn i frå det store tomme, flyr været som luft i ein trompet inn i fjorden. Der inne er det vel kanskje verre enn her ute på havet. Her møter me berre dei store havdønningane. Store, forutsigbare og tunge. Ikkje noko kan endra straumen dei flyt i. Desse store bølgene som stryk kjærlig over dekket mitt no, hadde reve sund det meste menneskeheita kunne ha bygd her ute. Heldigvis er ikkje me ein steil byggning eller eit gjerde. Me flyt så fint mellom vind og vatten. Det einaste me merker er når båten ristar deilig slag i slag med bølgene. Det sildrar i vatten som renn i frå cockpiten og ner i salongen. Eg ber styrmann halde roret medan eg går fram på dekk og sett stormfokk. Eg blir innhylla i vatten og vind i baugen, kor eg tar spenntak og byrjer hekte på krokane i seglet ein etter ein. Det tar tid, og saltet svir i augo. Eg kjem levande attende til styrmannen, og spør han kor lengje til me er i skudeneshamn. Han klarar ikkje svare før stormfokka deiser i dekket. Bølgjene tårnar seg opp som monster og styrmannen og eg går under dekk for å spele kort. "Hugsar du turen vår i fjor?" spør eg. Han nikkar og ler. Me segla open jolle i vestlandsbassenget og gjorde strandhogg alle fine plassar som var i gangavstand ein pub. Turen varte i fire dagar og me hadde Bergen som mål, med fine dressar og norske flag pakka inn i vantette sekkar. Søskjenbornet mitt skulle møta oss på kaien med champagne. Me kom aldri fram, for det var ikkje vind. Me padla halve dagen og seilte nokre timar, før me fant oss ei vik i nærleiken av ein pub. Styrmannen tar ansvar og åpnar ei flaske som han skjenke i to glas. Under dekk er alt stille. Me kan kjenne ristinga av bølger som slår sideslengs inn i båten. "Trur du ikkje at me burde ha vore oppe og hatt litt styring?" spør eg. "Dette er segling, ikkje eit strikkelag, du skal berre drite i alt anna og drikke opp." Eg drikk og startar kortspelet med ei særs dårleg hand. Eg vedder alt eg eig og har, og vinn. Styrmannen knuser flaska i dørken. Er det ikkje noko fred å få? Her sitt me og spelar kort, og så bråkar det så fælt der ute. Me prøver å spele eit slag til. Styrmannen vedder høgrearmen sin, og byrjer greie kammen sin gjennom det bustete håret sitt medan eg prøver å samle saman kortgrauten som så smått har byrja flyte rundt på salongbordet. Eg ber han drite i det der jævla håret sitt no, men han insisterer på at han vil vera fin. Eg skal ikkje vere noko dårlegare enn han, så eg går inn i lugaren og hentar meg eit slips som eg knyttar fint og tar på meg. Fargane matcher ikkje med skjorta mi i det heile tatt, og eg er så våt at eg ser ut som eg har pisst på meg sjølv. Ikkje i buksa, men det ser ut som eg har lagt meg ned på golvet og slengt kjøtthammaren fram og berre pissa over heile meg. Minst et par tre liter. "Eg sa det var ein dårlig idé å legge ut i storm midtvinters i ein så gammal båt" kjem det frå styrmannen. "Hald kjeften din du ditt jævla droltahål". Før eg rekk å fullføre nok ei salve rette mot styrmannen flyr han på meg og slår hovudet mitt inn i veggen. Det syng i glas når eg slår han med eit bilde av ein flott gammal fullriggar som eg har hatt hengjande på veggen i salongen. Me står berre og ler av kverandre. Lotten blir sakte til bobler som stig opp og bryt overflata og eksploderer inn i stormen der oppe.