"Det
ein ikkje leiter etter, kan ein ikkje finne". -ukjend
Når
opplevinga vår av tid og rom tek slutt, sluttar me å eksistere. Å
sjå fram og tilbake i tida er ei parallell handling. Som å kike ut
i rommet, og samstundes inn i materien. Me kan gjere dette gjennom
sansane våre, eller i fantasien, og det me tar til oss frå desse
prosessane, er av relativ relevanse i tida vår.
Kor
er me, kor skal me og kor har me vore, er på alle måtar spente
spørsmål som fangar måten sjølvbevisste vesen tenkjer og ser
verda på. Dei kan skalerast til alle situasjonar.
Me
har vore på bussen, me er på grusvegen, me skal til stranda.
Me
har vore i havet, me er på landjorda og me skal til månen.
Me
var ein stad, no er me her, men me aner ikkje kor me skal.
Frå
fullt signal til null signal, som musikken ein før kunne høyre på
radioen, som no er borte.
Det
me veit, og det me ikkje veit.
I
det små er "er me aleine?" eit rimeleg og banalt spørsmål.
I
det store er "nei" eit rimelig svar.
Det
største svaret er "alt finnes, og om det ikke finnes, vil det
skapes".
Dei
som meiner å ha kunnskap, som ingen vil tru på, vil for all tid
være utanfor, si eiga tid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar