torsdag 30. april 2009

Då drengen vakna

Eg såg dauden
måla på veggen
av ljos frå natta ute
inn gjennom vindauge

Visst var han frykteleg
der daudingeskallen forma seg
Eit kvitt glis i mot meg
Ein glisande klisjé

heilt ufarleg for meg

Fysst då sola stod opp
då daudningen svann henn, slo det ned i meg
det einaste eg kunne vere sikker på
var at eg, den natta, hadde sett daudingen måla på veggen.
Då byrja ting skje inne i meg
klisjéen hogg seg fast og nekta
sleppe tak.

mandag 27. april 2009

Kaffikroppar

Eg skjønte aldri heilt det der med duken. Ei rein overflate var liksom ikkje god nok når ein skulle eta. Då måtte ein dekka på med rein fin duk. Ein fin kvit håndlaga duk. Me la han øve eit mørkt gammalt slete stovebord. Sjølv om alle me visste, då kaffibordet stod dekka som ei kvit brur, at då kaffi og kake var ferdig, ville hu vere flekka til og full av smular. smulane var no greie. Kaffiflekkane sleit eg meir med. Kaffien trengde ner gjennom fibra i duken og inn i treet. Bordet var laga i ubehandla eik og sjølv om eg vaska vekk flekken, ville kaffien ha trengd lengre inn i treet. Flekken vil alltid vere der inne, sjølv om han ikkje syns. Eg minnast då eg såg ei steining av eit yngre kjærastepar. Dei låg i ei hol, innpakka i eit kvitt klede. Ein ville ikkje visst kva dei var, om du utan vidare såg dei, liggande stille i det kvite stoffet. Når folk byrja å kaste stein, seig raudtfargen fram i stoffet. Raude flekkar. Sjølv om me hadde brukt plastikk eller liknande, ville eg visst at der inne i det kvita, fløyt det raude mellom kroppane deira. Store sterke steinar føyk gjennom lufta og velta kaffikoppar med raudt som rant ut på den kvite duken. Berre at no såg eg det frå innsida. Då dei grov igjen hola var dei begge borte. Alikevel visste eg med meg sjølv at dei enno låg der. Det raude i det kvite, innhylla i noko svart. Eg tar av duken og vaskar han. Sjølv om han blir rein, så veit eg med meg sjølv at djupt inne i fibra ligg kaffien alikevel. Om eg hadde strekt meg, så kunne eg lagd ein fing på overflata og kjent på det blaute mjuke over noko hardt. Ein bylt med fire bein som me står og sitt rundt. Eg kan bytte duk, men eg blir aldri kvitt flekkane.

lørdag 11. april 2009

eit forsøk

I ein augeblink av stormannsgalskap forsøker eg å forstå; eg byrjar skrive ned ord. Eg les dei, studerer dei, seier, kviskrar, ropar dei. Eg tek frå dei all meining, lar dei liggje nakne på papiret, som nyfødde barn og eg seier
"dei er uskuldige, dei kan ikkje haldast ansvarlege for dette"
og eg ropar det og kviskrar det og ropar det og kviskrar og ropar det og kviskrar det heilt til orda er borte, berre lyd er att, berre denne messinga, ulinga, kviskringa
kviskringa
og ingenting er
å forstå.

UNNSKYLD

”UNNSKYLD” – uten skyld, unn meg skyld, tvister, og træler i hendene. Gå på nå da, for helvete, gi på! Skyld unna, skylles unna, unnaskylles unnskyldes, skyller inn i, gå på da, må være mer her, gi mer, tyn tuben, press deg, gi på! Uten skyld. Unn meg å skylles videre – mer vann, berører ikke bakken, skyll videre, sølete papirbit over asfalten.

Kanskje 100 m

På noen gater smiler folk mer enn andre gater. Men det skal være riktig type gate. Den bør være smal, eller på en annen måte gjøre at man må være nærere hverandre når man befinner seg i forflytningen.

Det er imidlertid ingenting ved gatens geografiske plassering eller fysiske utforming som skaper denne epidemien. Nei. Det begynner med en eller annen person som går alene og tenker for seg selv. Og det det tenkes, og vedkommende finner ut at hei, livet/kjærligheten/tilværelsen/ekteskapet/regningene/alderdom/ungdom/mamma/skolen/jobben/sinnsykdommen/avhengigheten/hun/han/det/verden ikke er så aller verst tross alt, tross alt så er det helt okei, kanskje til og med litt fint. Og så får man et av disse typiske smilene, blikket mot bakken og for seg selv, men klart til å hoppe opp mot én eneste forbipasserende i siste øyeblikk. Det trengs nemlig bare én. Dette subbete, avslappede og fullkomment nonchalante smilet. Som smitter.

//////--------------------> Go!

smitter smittende smitter smittede gjør et sprang over på en forbipasserende som tar det med seg femten meter bort, det trengs ikke mer, det allerede forplantet seg i den forbipasserendes forbipasserende, og så videre, og så videre, videre videre! Danner seg en etappe her, en strekning, en gate med flere smil enn andre steder. Fraktes fram og tilbake av alle forskjellige. Pleier ikke bli så lange disse midlertidige strekkene som strekker i leppene til folk og får folk til å strekke seg opp, og tankene deres strekker seg opp strekkers seg oppover, over bygningene, blir liggende under kaldere luftlag og se ned - her oppe fra

her oppe fra

her oppe fra kan man tydelig se at strekningen ikke egentlig er spesielt langt,

kanskje bare 100m til sammen.

M