For så
stort steg tok du ut i suppa
At alt
som kringsatte deg i galskapen
Var deg
sjølv.
For så
høgt og hardt flaug du inn i orkanhjarte
At alle
fiendar snudde seg bort
og lata
som ingenting
då du
kraup vond og full av blåmerker ut i graset
Så sto
du no der føre spegelen
og
kviskra stille til deg sjølv
Du
prøvde høyre så godt etter kva du sa
noterte
så glasskår spruta
med eit
så landa du i glashaugen
av alle
stjerner du hadde pensjonert
og cava
og strevde for å reise deg
Då
plutselig forstod me at me kunne, i eit mørkt sekund
støtte
oss opp frå helvete
men
alikevel sakne det verste i oss
Blodskutte
augo stirrar ut i verda og snur litt på det heile
Når ein
ser slik ut, så spinn verda fortare
Men ein
står fast som faen
I
G-punktet i sin eigen jævla sentrifuge
blir alt
klissete og treigt.
Det er
lett å hate
lett å
skru av
Då er
det vanesakar og fanesakar
skal
brenne
bøker
byttar
hender raskare enn spytt treff bakken
og tusen
kuler flyr mellom dei stridande
som
elskar å bli truffe.
Men
bunnlinja er; som i alle krigar ein vil vinne
at
reknskapet viser:
ein
treng fleire soldatar.
bra
SvarSlettLige det.
SvarSlett