Viser innlegg med etiketten liv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten liv. Vis alle innlegg

mandag 17. oktober 2011

Stilling i ei rekke

Grøftegravaren var  i Verdun

Og vraltar rundt på syltelabbar
snørrat i den naudsynte nasen

sånn dei gjer og gjor
dei som sprang her
og grov
med rifler dei knapt kunne bære

og no spreng dei armar og bein
av dei då dei speida og spada
ein låg og lada

tåka seig inn
og nokon ropa

Er det noko liv der ute

Gravaren rulla seg med beinrestar
og ler

Ein tango på ein offentleg stad
Naken, i eit romarbad
I eit slakteri
i kristendomen
i røyndomen

stenkar han med alt han gjor

han låg i dekning og glor

Soldaten kjem nærare

Fysst er det rifla
så er det kniven
så er det neven
så er det spaden

No er fienden kome så nær
at dei blei nødd å begrave han

tolv mann
gravlegg han

i djup sorg.

Reiser dei heim som sigerherrar
og knullar damer

enten dei vil eller ei

fredag 14. oktober 2011

Han

Han har vært her lenge
går for det meste igjen aleina
Han mangler orda til å gripe verda hennes
og trenge seg på ho
med heile verda si
du ser han aldri i augo
men heile kroppen hans er auge
364 dager i året

23 timar i døgnet

som han nyttar fullt ut

Den siste timen
skal kvile i tankane hennar
som ein kulp, kor sjølv
råttne greiner
blir vakre

Du treff han stadig med piler

Ikkje den typen som dobbeltklikk

Men den typen som Sebastian såg i sin siste time

Verda hans er som ein himmel fyllt av piler
Bueskyttarane slepp
og sender hagl

Den som står i regnet blir truffet
Den som står i treffet blir våt

Gjennombårra av piler
står Sebastian ved pålen
og skimter årsaka
Langt der ute
Kor elva treff hav
og blir til fjell
som ho renn ut av.

søndag 25. september 2011

Gamlekjærasten

Eg står her på kanten, og vil væra din
uansett korleis ein vinklar det,
så har eg gitt meg sjølv til deg
utan å sjå tilbake, no er det berre deg

Finaste jenta i verda
beste handa ein kan halde i
All tida me skal slå i hjel
med kjærleiken vår

Det einaste du og eg
Ei endelaus forteljing
ei endringslaus forteljing

som brått endrer seg og endest
her på kanten,

blir eg laga

torsdag 28. oktober 2010

1- 0 til det hinsidige!?

to gløtt fram!
ein milliard tilbake?
Det altomsluttande imperativet!
ei streng og nådelaus mor?
Som tilslutt drep deg!
anten det er jul eller bursdag?
all tid kor du snur deg tikkar du sakte fram!
Det fins tusenvis av indikasjonar!
kor du skal?

enda fleire løgner om kor du har vært!

Midt i dette mylderet?
gjøymer gud seg for deg!
Sjølv om dei veks opp av bakken?
som plagsomt viktig ugras!
ulauseleg knytt saman?
med ditt djupaste ja!
og ditt djupaste nei!

og langt inni i alt dette?
står me alltid i ei sannheit!

Står du?
og Alltid tenner eld!
alltid slukkar brannen?
alltid jorda!
alt i vatten?

Ein null til dei hinsidige!?