Viser innlegg med etiketten gud. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gud. Vis alle innlegg

mandag 3. september 2012

Bilateral Apati

Det herska ein total bilateral apati blant dei herskande klassane. Ein konsensiøs arbeiderpartimann og to retta nervøst på slipsa. Den kvite elefanten i rommet ville berre ha det gøy, og freista være med på leken då ein velkoreografert sende ballane fram og tilbake over bordet. Det er slik i dei fleste posisjonar, at det er fleire som sitt på ballane. Men det er aldri nok ballar.

Med stoisk ro held agnostikaren ordførar handa på roret, medan han korsar seg og sender flyktige blikk opp mot himmelen og håpar at gud ikkje ser ho.

Dei satt sløvt og bladde gjennom umenneskelegt store saksframlegg som skulle inneholda alle orda som skulle gi dei tryggleiken dei trengte for å kringsette seg i fornufta si einaste gangbare valuta:
Fleirtal om vedtaket.

Lunsjen stod sakte men sikkert og mygla i bakgrunnen. Tilhøyrarbenken var tom.
Alle var sikre på at dette var noko dei kunne stå inne for.

Somme gjekk og forsynte seg av maten ein tredje gang. Det knasa i salatblad i det plastkniven sagde seg gjennom karbonaden og traff planten som om han aldri hadde vært der, og skar seg vidare gjennom den slappe møteloffen som alle oppmøtte hadde hatt i halsen opptil fleire ganger.

Det borgarlege kalaset her, minner meg mest av alt i verda om snittekalaset ein kan være så heldig å få være med på når nokon døyr. Berre at her, så skjer det på fastare basis med litt meir snipp, pomp og prakt. Brusen er gratis, og ein byttar ut gravlegginga av den konkrete menneskekroppen med å gravlegge ark dynka i kompromisset sin verdilause tev.

Hjernen og fornufta stirra apatisk inn i spegelen og håpte for guds skyld at hendene hadde gjort ein god nok jobb. Klarer me å lyfte dette opp, så skal me nok ikkje sjå om me får kasta det ut og. Dei to stirra blankt på ein annan og lurte på kor mange konsulentar det trengtes for å fake ein orgasmedebatt.

Dei retta alle litt på slipsa, og styrmannen kremta, tok på seg det sjølvsikre smilet, strauk seg over luggen og sa; "Dersom ingen har nokre innvendingar... anser eg punkt ein i forslaget for vedtatt".

"Det er ein viktig debatt å ta, og han var sannelig god". Det nikkast på alle kantar. Eg skjønner ikkje heilt om det er skjevo eller saka han snakkar om. 

Bunke etter bunke skyv ein skriv etter skriv frå seg og ned i krypta kor ein tygg dei sønder og saman, for å sette det skrevne ordet ut i livet. Amen.

Det er som ein dans. Berre at ingen utanfør kan høyre musikken.

Ute i byen dura verda fram som om ingenting hende. Der inne løfta ein papirlappar opp og ned som galne, nett som ein har gjort med vekslande suksess heilt sida antikken.

Tenk om Gud hadde skrudd av lyset i morgo, og alt var forgjeves.

torsdag 5. april 2012

I dag feirar me og påske

Kjære kyrkjelyd!

Det er ein glede å ynskje dykk hjarteleg velkommen til messe her i dag, på skjærtorsdag. Dagen der alt skar seg. Det er dagen då nattverden blir innførd, då Jeus og disiplane sitt i Getsemanehagen, Jerusalem og Jesus seier dei velkjende orda ”gjer dette så ofte dykk kan, til minne om meg.”

Skjærstorsdag er ein vond dag på mange måtar. Og me kjenner til det meste frå før av. Judaskysset, forræderiet, og soldatane som tar Jesus til fengselet. Allikevel så tenkjer eg at denne dagen og på mange måtar er ein gledesdag. Det er faktisk på skjærtorsdag at eit av dei største ofra i bibelfortellingen blir gitt.

Eg tenkjer sjølvsagt på Judas Iskariot. Det er ikkje mykje det står skreve om han. Me les fysst om han i Johannes 12,6. Der står det at Judas har ansvaret for pengekassen til disiplane og underslår små beløp til seg sjølv. Kva som skjer i Getsemane kjenner me så godt til frå før, men kva skjer vidare med Judas?

I Matteus 27,3 kan me lese om at Judas angra det han hadde gjort. Han freista gi tilbake pengane, men verken tempelprestane eller soldatane ville ha dei. Judas blei så sint at han kasta sylvpengane frå seg på gata og sprang ut i natta, med all skulda for Jesus si forferdelege daud på skuldra sine.

Til og med fiendane til Jesus ville ikkje ha noko med Judas å gjere, og disiplane skøyv han og frå seg ut i kulda dei med. I dag veit me betre. Me skal tilgi dei som angrar. I Matteus 27,5 og Apostelane sine gjerningar 1,18 kan me lese om kor grusomt det endte i denne historia, då Judas går hen og tar livet av seg sjølv, ved å henga seg i eit tre.

Det står skrive i Johannes 13,27 og i Lukas 22,3 at Judas var ein reiskap for Satan, som for i kroppen hans og fekk han til å forråde Jesus. Han hadde altså ikkje vilje til det, men ansvaret for det. Ein kan spør seg sjølv, om dette kan stemme. Eg trur ikkje at det var Satan som for i Judas. Me kunne ikkje ha feira påske slik kristne gjer i dag utan at Judas ofra seg. Det var han som gjorde at Jesu kunne døy, stå opp og gi oss evig frelse.

Judas hadde ikkje ein himmel som venta på han. Han var ikkje sonen til Gud, men kva veit me om kva Gud sa og fortalte til Judas på skjærtorsdag? Er ikkje mirakelhistoria om Jesus avhengig av sviket? Korleis i alle dagar skulle me ha fått Kristus opp på korset hadde det ikkje vært for Judas Iskariot.

I dag, kjære kyrkje lyd, feirar me Judas Iskariot, og eg håpar me kan late oss inspirere til å tilgi kvarandre, sånn at me får ein meir freidsam eksistens her på jorda.

Eg vil syngja hans namn.

Amen.

mandag 17. oktober 2011

Stilling i ei rekke

Grøftegravaren var  i Verdun

Og vraltar rundt på syltelabbar
snørrat i den naudsynte nasen

sånn dei gjer og gjor
dei som sprang her
og grov
med rifler dei knapt kunne bære

og no spreng dei armar og bein
av dei då dei speida og spada
ein låg og lada

tåka seig inn
og nokon ropa

Er det noko liv der ute

Gravaren rulla seg med beinrestar
og ler

Ein tango på ein offentleg stad
Naken, i eit romarbad
I eit slakteri
i kristendomen
i røyndomen

stenkar han med alt han gjor

han låg i dekning og glor

Soldaten kjem nærare

Fysst er det rifla
så er det kniven
så er det neven
så er det spaden

No er fienden kome så nær
at dei blei nødd å begrave han

tolv mann
gravlegg han

i djup sorg.

Reiser dei heim som sigerherrar
og knullar damer

enten dei vil eller ei