mandag 23. august 2010

Ny tid


Eit meir oppkonstruert namn skal du leite lenge etter
tida er kanskje noko av det meist uvesentlege du kan tenkje deg
Det er som villbringebær eller gras
Dei berre veks fram ut or ingenting
Ingen bryr seg om det, anna enn enkelte punkt i tida
Som når eit lite barn strekk handa ut mot eit bringebær, grip om det med neven, og knuser som den enklaste ting i verda.

Som når nokon blir glad i ein park
eller når ein grasklyppar har glømt nokre striper i ein plen

Tida er rimelig lite poetisk

Men av og til, når ein flyr gjennom tid og rom, så fester augo seg på noko som ein kunne tenkje seg å røre ved.

Eg kjørte i full fart
i ein bil på ein veg
Eg såg noko statisk i vegkanten
Ein lyktestolpe
Eg ville stanse ved han
Heldigvis er eg berre passasjer
Eg strekk handa ut mot han
Tida står stille her ute i vegkanten
Bilen susar vidare
ein liten del av meg blir igjen

søndag 15. august 2010

Vei

Skoene seiler over gatene i saktefilm, som om vi er i en konstant tilstand av å falle framover, falle inn i noe, men de er trygge og tomme disse gatene – de slitne gatene, slitne etter alt strabas og søl, skrapt ren av fugler, løpt over av de sene, unngått av de rene og pene –

Har ropt navnene våre så mange ganger disse gatene, har ropt navnene våre, men aldri samtidig i stillheten, som nå – noen ganger går vi til sengs, andre ganger til strid, og føttene – enda over underlaget. Armer og hår flakser etter egne anvisninger, men øynene, nå kun som flyktige fjærkre finner bare et par stilletthæler og et par sorte sneakers som seiler, flyktige øyne finner nå bare dette, og et fjes fra tid til annen, glimter over andre øyne i raske berøringer – flyktige øyne finner dette, vi er fine, på grunn av dette, det klossete, falmende, det drunkne utelatt av oss, fine i dette – en høyrehofte og en venstrehofte som skåler og utveksler et språk som sinn og struper utelater – flyktige, skvettende øyne skal åpnes i morgen, og ligge rolig over hver sin linje i hvert sitt tak, gli over denne som et saktegående skip, i horisonten, gli og drikke, og dvele ---

Snakker i frådende fosser.

Skoene skal brått forskjellig vei i denne harde labyrinten – snakket stilner og dempes til forsiktige forslag.

En slak bakke ser ned på sorte sneakers –

Brosteiner ber om stiletthæler, og klemmer seg sammen for å gjøre sprekkene mindre farlige –

Men veien må stanse her, og se etter oss når vi går inn i en park, se ryggene våre smalne og minske over grusen. Stemmene mindre distinkte, drukner i lyden av såler mot småstein, skopar som skulle skilles opprinnelig forsvinner inn blant buskene, går på denne måten hundre meter ekstra.

mandag 9. august 2010

Clavicula

Eg set meg ned i eit togsete, og byrjar tenkje. Det er uunngåeleg, dette. Alle togreisar er ein og same, alle glir inn i og ut av kvarandre. Felles er tanken, pulserande: vekselvis lett, fordøyeleg, betraktande, glidande over landskapet utanfor; vekselvis vendt innover, tung, fragmentert, assosierande: all misere heng saman; når ein tenkjer over ei enkelt miserabel hending, tenkjer ein samstundes over alle slike hendingar: all misere er ein og same, glir inn i og ut av ein annan. Akkurat slik som oss – seier eg, med ord, og øydeleggjar dermed alt – akkurat slik som oss, i ein sovekupé på eit tog voggande gjennom eit sentral- eller austeuropeisk land: kvar rørsle diktert av skinnegangen sin ujamne men behagelege rytme, me trengte ikkje eingong gjere ein innsats; senga akkurat litt for smal for to, men akkurat brei nok for oss, slik som dette, nettopp slik; det heile akselererande på eit vis som aldri såg ei auke i noko som helst anna enn tid og repeterande rørsle; duren av metall mot metall på skinnegangen under, søvndyssande utan å la oss sovne; i halvsvevnen, like fullt, måtte eg gripe tak i øyreflippen din, med tennene, berre vart, berre mjukt, men fast; i halvsvevnen, like fullt, halde fast i kragebeinet ditt som kom fossande ut frå halsgropa; fast men så vart, så vart, kragebeinet, øyreflippen, mens du pusta ut, ut, ut; mens du blei knust til spindelvev, og eg: som eit skapskjelett tenkjer eg på deg kvar gong vindauget speglar meg i mørket utanfor.