Utgangspunktet mitt er dette: Eg må sitje oppe i natt for å skrive oppgåve. Eg merker at eg er tom for kaffi, og om eg skal ha meir bittert, koffeinhaldig varmtvatn må eg ty til 7-Eleven. Eg bestemmer meg for å ta ein pause, kikke litt rundt på denne digre klumpen av ein verdsvev. Eg tenkjer som så, at kanskje det finst noko fornuftig å lese blant
andre tankepolitimenneske. Det eg kjem over er dette:
Ein openbert forsøksvis raljerande men fullstendig livlaus fanfare av ein komplett standardisert deskriptiv-til-normativ-tirade. Ein kan summere opp innhaldet slik:
"Ikkje gjer som alle andre gjer; gjer som eg seier."
Lat meg vere den første til å arrestere deg, Unkle Dave.
"...noen ganger befinner du deg alene med dine tanker, gjerne foran elendige tv-serier med næringsløs kjappmat på fanget. Det er da du vil nikke anerkjennende til alt jeg har fortalt deg."
-Om eg nokon gong nikker anerkjennande til noko av det du skriv, må du aldri gløyme at det er fordi andre fornuftige menneske har både tenkt det og uttalt det eit utal gonger allereie.
"Ikke bare er du svak, du er et offer for og utøver av janteloven. Og janteloven er et verktøy skapt av og for mentale og kreative krøplinger uten noen evne til å stige over rekkene."
-Kva lov er det du tek i bruk i dette innlegget ditt? Kva rekker er det du stig over gjennom å skrive denne bokstavsuppa? Å trekke fram Janteloven er politisk korrekt for dei som ikkje kan
vere politisk ukorrekte utan å stå på stolen og rope at dei er det. Slike som deg. Desperate measures.
Think! Think! It ain't illegal yet!
Takk for meg. No skal Walt Whitman få høyre det.
I love it when a good plan just comes together :-D
SvarSlettStand on your chair and holla! A'ight!
SvarSlett