alle kjemper
i kaotisk opprørt hav
nokre kan svømma
alle sin tankar
stig mot himmelen
nokon har drukna
då stig ein opp
på dei døde sine kroppar
og hald hovudet over vatnet
først når eg lar meg synke
til bunns ser eg tankeskya
der oppe kor dei blinde klamrar seg til fiksjon
men her ligg jo folk og døyr
blikket mitt
blir ei øy
og nokre av dei døyande
klarar å redde seg opp på ho
no druknar dei både i himmel
og hav